GSI – Julecup
Etter ein sommar med full suksess tek vi no festen innandørs hos Børdi golf ⛳️
Om turneringa
Turneringa blir spelt som 2-manns scramble, der de spelar saman som lag på kvar einaste slag.
- 2 spelarar per lag
- Scramble-format – de slår frå beste ball kvar gong
- Cupturnering på brutto slag – ingen får tildelte slag
- Maks 15 lag, så her lønner det seg å vere tidleg ute
Premier
Det skal lønne seg å spele bra – og det skal vere moro å vere med.
• Premie til 1., 2. og 3. plass
• Ekstra konkurransar undervegs
• Trekkepremiar – alle lag har sjanse til å vinne noko
Tusen takk til sponsorer!
Sosialt
Dette er minst like mykje ein sosial dag som ein seriøs turnering.
- Arrangementet kjem til å vare fleire timar frå start til slutt
- Her er det lov å drikke og kose seg 🍻
- Det blir tilbod om felles matbestilling (t.d. pizza)
Turneringsoppsett
Turneringa er bygd opp som gruppespel + sluttspel, slik at alle får mykje speletid.
- 3 grupper med 5 lag på kvar simulator
- Scramble matchplay over 3 hol mot kvart av dei andre laga i gruppa
- Poengsystem: 3 poeng for siger, 1 poeng for uavgjort, 0 poeng for tap
- Vidare til sluttspel: 1.- og 2.-plass i kvar gruppe + dei to beste trearane
I sluttspelet spelar vi:
- Kvartfinale, semifinale og bronsefinale: best av 3 hol
- Finale: best av 5 hol
Klar for å bli med?
Samle ein makker, finn lagnamn og meld dykk på turneringa før plassane fyllast opp.
Laster ledige plassar...
Sjå påmeldingsskjema